 |
Om museet
Sunnhordland Museum er frå 2004 eit konsolidert museum, og Stord Maritime Museum ligg også inn under vår drift. I tillegg har vi åtte tun og samlingar i Sunnhordland som vi har ansvar for, både med tanke på innsamling, vedlikehald og formidling.
 |
| Frå interiøret i Ådlandsstova |
Sunnhordland Folkemuseum og sogelag vart skipa i 1913. I byrjinga vart samlingane oppbevarte i Ådlandsstova, ei årestova frå ca. 1400 som stod på garden Ådland. Etterkvart vart hus frå Stolmen, Omvikedalen, Huglo og Leirvik på Stord overgitt museet, og Sunnhordlandstunet vaks fram.
Eit museumsbygg vart reist i 1938 på Leirvik, og påbygt kring 1963. Her er faste utstillingar frå førhistorisk tid, og utstillingar om jordbruk og fiske i Sunnhordland. Ein eigen tekstilsal syner drakter og kledebunad frå ca. 1700.
Etterkvart vart eldre tun kjøpt av museet eller gitt i gåve til museet. Sæbøtunet i Etne, Nerheimstunet i Ølen, Nistovetunet i Omvikedalen, og Gjerdetunet i Mauranger er slike tun. Samla gir dei eit rikt bilete av gardsdrift i Sunnhordland frå 1600-talet til tidleg på 1900-talet.
 |
| Sør- og vestfløyen |
Halsnøy Kloster kom i museet si eiga i 1959. I 1961 vart det utført reparasjonsarbeid på hovudbygningen frå 1841. Stovene vert mykje brukt til tilstellingar, utleige og historiske seminar. I klosterkjellaren er det kunstutstillingar, eller samkmome og konsertar av ulike slag.
 |
| Historisk foto frå miljøet kring Litlabø gruver på Stord. |
Litlabø Gruver var i drift frå 1867 til 1968. Svovelkis vart henta ut frå fjellet, frakta i båtar over Storavatnet, og sendt med jernbanevogner ned til fjorden i Sagvåg, der skipa låg klare til å frakte "gullet" til foredling og bruk. I dag står berre heistårnet, maskinhallen og ei smie att, men ein arbeidarbustad er restaurert og står saman med ei statue over gruverarbeidaren i ein vakker park på det gamle gruveområdet.
« Tilbake |
 |