Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Barnehage

Me kan tilby fylgjande undervisningsopplegg:

SEGNER I SUNNHORDLAND: Gjennom forteljing og spontandramatisering, får borna ta del i lokale segn om risar, tussar og huldrefolk. Dei får vere med i forteljinga gjennom leik og dans, og kome inn i dei eldste husa på tunet.

EIN DAG FOR 100 ÅR SIDAN: Borna tek del i gjeremål på ein liten gard frå morgon til kveld. Dei må laga graut, gå på skulen, og handla til bestemor på krambua på vegen heim. Som takk for hjelpa fortel ho dei eventyr i den vesle røykstova si.

EVENTYRSTUND: Borna får høyre eit knippe folkeeventyr frå Asbjørnsen og Moe si samling.

« Tilbake

OKTAN alfa