|
Småskulesteget
Me kan tilby fylgjande undervisningsopplegg:
DEI FORELDRELAUSE BORNA: Borna er i rolle som ein foreldrelaus syskenflokk, og må greie seg åleine på garden. Dei må stelle dyr, samle lauv, lage mat og treske korn. Prestefrua har tenkt å splitta søskenflokken og adoptere dei bort, men det vil dei ikkje. Difor går dei for å snakke med prestefrua, og etter nøye vurdering får dei lov å fortsette å bu samla.
GAMLE JULETRADISJONAR: Eit fast opplegg for 2. klasse ved Sunnhordlandstunet og Klostertunet i månaden før jul. Borna får ta del arbeidsoppgåver som baking, vasking og vedhogst, og alle må vaska seg i stampen! Dei får laga honninglys, og hos bestemor får dei høyra salmesong og eventyr. Fuglar og dyr må óg få julegodt, men viktigast av alt: Nissen må få grauten sin!
KOM OG HØYR! Forteljestund i stova i Møllebuo, med segn og eventyr, folkeforteljingar eller litterære forteljingar frå barnebøker frå kring 1900. Fotoutstilling om skipsbygging på Frugardsberget.
LITEN FOR LENGE SIDAN: : Forteljeframføring i Futastova om korleis det var å vera born for ca 100 år sidan. Inkluderer ”Øyvind og bukken”, ”Sidsel Sidserk”, folkeeventyr, samt nokre folketonar. Nokre av borna vert med i dramatiseringa.
SEGNER FRÅ SUNNHORDLAND: Forteljing og rolleleik knytt til lokale segner. Både ute og inne.
STEINALDER: Stasjonsarbeid på Sunnhordlandstunet: Skyting med pil og boge på blink, knakking på rhyolitt og skjering i skinn, lage perlekjede i leire og skjel, kokegrop og baking av fisk, etc. To klasser om gongen, helst om våren.
« Tilbake |