 |
Mellomsteget
Me kan tilby fylgjande undervisningsopplegg:
1. UT AV UNIONEN! Opplegg om unionsoppløysinga, med vekt på dei to vala i 1905, og på kvinnene som var utan stemmerett.
2. SMÅ KÅR, STORE DRAUMAR: Tema er dei store omveltingane i arbeidslivet kring 1870 og frametter. Elevane får utdelt rollekort i fem-seks ulike grupper, og lagar deretter korte skodespel som dei syner for kvarandre. Scenene er ulike stover og uteplassar, og elevane får utdelt enkle kostymer. Rollekorta er tilpassa einskilde bygder si lokalhistorie.
3. GRUVERARBEIDAREN: Forteljingar frå gruvelivet på Litlabø. Omvising i museet og i arbeiderbustaden og aktivitetsopplegg knytt til prosessen i kisprosduksjonen.
4. EI NY TRU, EIT NYTT LEVEVIS: Om overgangen frå heidendom til kristendom, med vekt på myter og segn og dramatiseringar. Formidla gjennom forteljingar, konkretiseringar, dramaoppgåver og "leikar".
5. PILEGRIMANE SI REISE: Elevane går i rolle som pilegrimar. Alle får med seg ein stav, og eit knytte med det ein pilegrim må ha med seg. Undervegs er det stopp med rituale, og me syng katolske Maria-viser på vegen. Elevane får vere med på ei forenkla, katolsk messe med latinske bøner og liturgi.
DEN STORE MANNEDAUDEN: Eit dramaforløp om svartedauden, smittevegane, og konsekvensane dei store dødstala fekk for familiar og samfunn.
BRONSESVERDET: Eit opplegg om bronsealder. Omvising og forteljing, og rolleleik ute.
DET SEIEST...: Lokale segn som utgangspunkt for forteljeøkt og elevdramatiseringar.
« Tilbake |
 |