Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Ungdomssteget

Me kan tilby fylgjande undervisningsopplegg:

UT AV UNIONEN! Undervisningsopplegg for 8. klasse om unionsoppløysinga i 1905, med vekt på karikaturteikningar i aviser og blad frå samtida. Elevane får lage korte sketsjar om dei politiske tilhøva utifrå desse teikningane.

SJUKDOM OG LÆKJEDOM FRÅ 1700-TALET TIL I DAG: Om sjukdomsforståing, folkemedisin og overtru på 1700-talet, til dei store oppdagingane av mikroorganismar, vaksiner og medisinar på 18-1900-talet. Fortlejing, skodespel og dramatiseringar.

FRELSE OG FOLKEOPPLYSNING: Eit Teater-I-Undervisninga (TIU) -spel om Hans Nielsen Hauge si folkerørsle og forkynning, om næringsverksemda og reisene, og om motstand og domfelling. Elevane er aktive via rollekort og song.

ANDRE VERDSKRIGEN: Lokale krigshendingar vert levande gjenfortalte, og elevane lagar små tablå frå motstandsarbeid. Ei utstilling syner gjenstandar frå krigen og kvardagslivet, og elevane får studere matoppskrifter med poteter og reinlav, kålrabi og smørerstatning.

LITLABØ GRUVER: Omvising på gruveområdet, med stopp i utstillinga i Gruvemuseet og i den restaurerte gruvearbeidarbustaden. Ein kort fottur tek oss til djupe dagbrot ute i terrenget.

MOTORHIISTORIE: Omvising på Stord Maritime Museum av kyndig pensjonist. Oppstart av nokre motorar. NYTT!

« Tilbake

OKTAN alfa