 |
Permanente utstillingar
På Sunnhordlandstunet og Stord Maritime Museum finn du dei største permanente utstillingane, men på fleire av dei andre tuna finn du små tekstilutstillingar. Sjå også våre linkar til andre museum og samlingar.
SUNNHORDLANDSTUNET
Forhistorisk tid
Monter med arkeologiske funn frå Sunnhordland i steinalder, bronsealder og yngre jarnalder.
Gardsdrift og jordbruk kring 1900
Biletmontasjar frå gardsarbeid og kulturlandskap, og miljø frå både husarbeid, skogsarbeid og torvhenting.
Fiske og sjøbruk kring 1900
Båtutstilling og utstilling av fiske- og fangstreiskap. Biletmontasjar.
Modellar
Ei oppgangssag som vert drive elektrisk syner både utvendig og innvendig konstruksjon.
Ein kalkomn
Ei rekkje modellar av seglskuter og dampbåtar bygde i Sunnhordland
Torleiv Agdestein-utstilling
I denne avdelinga finn du gipsmodellar av skulptøren Agdestein sine kunstverk. Han var frå Stord, og gjekk i lære hos m.a. Vigeland.
STORD MARITIME MUSEUM
Brødrene Oma gav for nokre år tilbake ei omfattande samling motarar til Sunnhordland Museum, og Stord Maritime Museum vart oppretta. Samlinga inneheld ikkje berre båtmotorar, men også stasjonære motorar som dreiv vinsjar, sager og ulike vekstadmaskiner. Fleire givarar har kome til, og samlinga inneheld no m.a. ulike krigsminne frå Sunnhordland, kvalkanon med harpun, og eit skiltstøyperi.
Eit aktivt venelag arbeider kontinuerleg med å pusse opp og restaurere motorane, og til sommaren har vi som mål å sette opp ei fyrlykt som publikum kan få kikke inni og sjå i funksjon.
« Tilbake |
 |