Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Gruvemuseet

Frå 1865 til 1968 vart det vunne ut kis i gruvene på Litlabø på Stord. Utvinninga var aldri særs lønsam, og i dårlege tider var gruvene stengde. I dag finns framleis heistårnet, maskinhallen, ei smia og ein restaurert arbeidarbustad. I smia er det fotoutstilling og museum over gruvedrifta, og eit aktivt venelag syt for arrangement og vandringar i lokalmiljøet kring gruva.

« Tilbake

OKTAN alfa