 |
Nerheimstunet
Nerheimstunet ligg i Ølen kommune, og er eitt av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store. Dei hadde eldhuset felles, og difor er det større enn vanleg, og med inngong frå begge endar.
 |
| Nerheimstunet |
Nerheim tyder heimen til Njord, sjøguden og fruktbarheitsguden i den norrøne trua. Staden vart også kalla Njardheim i eldre tider. I førkristen tid stod det eit gudehov her. Bygdetingent har også truleg halde til her. Frå 1326 til omlag 1860 er Nerheim nemnd som ein kyrkjestad, men i 1874 vart det bygd ei kyrkje på ei ny tomt ved sjøen. Kyrkjegarden vart liggjande på Nerheim, og det gamle våpenhuset vart lenge ståande som reiskapshus.
Gardstunet på det eine bruket på Store Nerheim reknar vi med vart reist omlag 1660, og har alltid vore sjølveigande. Mykje militært befal har budd på Nerheim. Den siste som dreiv garden var Anna Steensdtr, den yngste av ein søskenflokk på ni. Ho hadde ingen etterkomarar, og tesamenterte garden til Sunnhordland Museum i 1969.
I dag er bygningane restaurerte, og på garden står ei løe, eit fjøs, eit eldhus, eit stabbur og eit bustadhus med kjøkken i midten, to stover og lem.
« Tilbake |
 |