Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Klostertunet på Halsnøy

Foto: Helen Petersen

Her ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men det har vore klosterdrift på staden heilt sida 1100-talet. Mest sannsynleg vart det første klosteret bygd av Erling Skakke i 1164, for at erkebisp Øystein skulle krune den fem år gamle sonen hans, Magnus, til konge over Noreg. Truleg var dette bygd i tre, og brann ned etter omlag 100 år. Den nye klosterkyrkja vart konstruert i kleberstein i gotisk stil. 

Halsnøy Kloster 

Eit nasjonalt kulturminne

Halsnøy kloster er eit sentralt kulturminne i Hordaland fylke. Ikkje berre på grunn av klosterruinane, og herregardsdrift etter reformasjonen, men også på grunn av alle dei spor etter mennekeleg aktivitet frå eldre tider, som til dømes gravrøyser, langskipsnaust og ein interessant steinring som ligg spreidd i landskapet i kring. Såleis gjev Halsnøy kloster og området rundt ei spanande vandring i historia, frå Vikingtid til klostervesenet i Noreg, til reformasjonen og etableringa av danske lensherrar, og vidare inn i vår tid.
 
 
 
Foto: Helen PetersenHalsnøy Kloster er i dag eit av fleire avdelingar i Sunnhordland Museum sine samlingar og ligg på øya Halsnøy i Kvinnherad kommune. Øya finner du ytst i Hardangerfjorden, mellom fastlandet og Stord.
På det nordlegaste eidet på Halsnøy ligg Halsnøy Kloster, med ein heilt sentral plassering i fjordsystemet og med utsikt mot fjorden vestover og nordover.
 Bilete: Klosterbryggja mot Klosterfjorden
 
 
 
Foto: Helen PetersenOpprettinga – kva veit me?
Halsnøy Kloster var eit Augustinar-kloster og eit av fem augustineranlegg i Norge i mellomalderen. I følgje ein sein, men likevel truverdig, skriftleg kjelde vart klosteret grunnlagt i 1163-64 av jarlen Erling Skakke, i samband med at sonen Magnus Erlingsson vart kruna til norsk konge. (”Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader,at bygge sin søn til bønerhold, Halsnø kloster, Sancto Augostino til lov og ære.”, Bg. Fundats.)
Halsnøy Kloster fekk i løpet av mellomalderen store jordeigedomar og vart eit av dei rikaste klostrene i norsk mellomalder og ein økonomisk maktfaktor på vestlandet. Dei einaste skriftlege kjeldene vi kjenner til i dag som omtalar Halsnøy kloster er Bergen Rigskrønike(1560) og Bergen Fundats (1580-83). Forfattarane av desse verka kan ha hatt tilgong til brev og dokument frå klosteret, som skal ha vore inntakt fram til 1700-talet. 
 
Ein kjenner til 2 klosteranlegg. Det fyrste vart bygt opp i siste halvdelen av 1100-talet, det andre i byrjinga av 1300-talet. Ein trur at ein storbrann kan ha vore årsak til nybygginga, samstundes veit vi at på denne tida var Halsnøy kloster i framgang. Slik bygningsrestane ligg i dag, speglar dei det utbygde klosteranlegget frå rundt år 1300.
 
 
Foto: Helen PetersenRuinanane.
Ruinane med tak som står att har truleg hatt same funksjon i klostertida som seinare, som til dømes eldhus
drengestove, stall og lagerbygg (nordfløyen). Ruinar utan tak har vore gjestehus, kjøken for kannikane og bustad for proventfolket (sørfløyen).
 
  
Sør-fløyen
 
  
 
 
 
 
Foto: Helen PetersenI norsk samanheng er Halsnøy Kloster særeigent ved det at er det ytre anlegget som er ivareteke og ikkje den sentrale klosterfirkanten. Utanom Halsnøy Kloster finn vi berre 2 andre klosteranlegg i Noreg dette gjelder for; Selja i Nordfjord og Hovedøya i Oslo. Det siste kosteranlegget er bygt med ”gotiske” murar, kistemurar med steinar på høgkant og småstein imellom. Det heile er bunde saman med kalkmørtel, noko som er eit vilkår for å kunna byggja på denne måten. Utvinning av kalkstein og kalkbrenning er kjent i Sunnhordland frå mellomalderen og fyrste gong kalkbrenning er nemnt i skriftleg kjelde, er i samband med Halsnøy kloster. Eldhuset, eller i dag òg kalla vestfløyen i det noverande ruinanlegget, vert karakterisert som ein av dei mest autentiske mellomaldermurar i landet.
 
 
Kva dreiv dei med munkane?
Dei fyrste munkane som kom til Halsnøy, kom truleg frå utlandet, nærare bestemt frå Wellow klosteret utanfor Grimsby i nord-England. Munkanene var kannikar, det vil seia prestelærde. Deira ”hovudoppgåve ”var det andelege livet og menneska sitt forhold til Gud". Dei haldt tidebøner, gudstenester og sytte for kyrkjelyden si sjelesørgjing.
Men samstundes brakte dei med seg ny kunnskap om byggeskikk og kalkbrenning, noko som brakte inntekter til klosteret. Dei var dyktige hage/urtedyrkarar, og hadde mykje kunnskap om legekunsten og sjukestell, og hjelp til fattige. Nokre trur difor at det har vore ei sjukestove på Halsnøy Kloster.
    Munkane ved Halsnøy Kloster må ha vore dyktige handelsfolk, noko ein kan slutta av veksten klosteret hadde med omsyn til å leggja under seg store jordeigedomar. Frå desse fekk klosteret inntekter i form av naturalia (t.d. skinn, korn, neter frukt, smør, fisk og never),  som vart omsett i Norge og utlandet. Halsnøy kloster hadde eigne handelsbuer og bygardar i Bergen, og eigne ”Handelsbussar”; båtar til frakt av varer. Mykje av inntektene har vore investert  i dei store bygningsanlegga.
     Jordegodset vaks mellom anna òg ved at gardar og gardparter vart gjevne som gåver til klosteret, nokre gonger òg som avlat eller bot til kyrkja. Som til dømes i 1426, då gjev Sigrid Sæbjørnsdatter til Munkeliv kloster i Bergen ”en jord til sala hialpar og bønahalz” for seg og sine forfedre. 100 år seinare ser ein at Halsnøy Kloster har denne garden i sitt eige, fått ved ”makeskifte”.

Reformasjonen
Klosteret vart nedlagt i 1536/37 ved reformasjonen. Likeeins med mange andre klostereigedomar i Norge vart det annektert av kongsmakten og gjekk over til å vera krongods. Fra 1539-1654 vart Halsnøy Kloster organisert som eit len med eigen lensherre. Seinare gjkk det inn under Bergenhus og vart driven som fogderi saman med Hardanger og Voss. Her låg òg Sunnhordlands fyrste kretsfengsel, der mellom andre Gjest Baardsen hadde eit ”kortare” opphald., noko han sjølv har skrive om i boka si ”Mit Levnedsløb”

Foto: Helen PetersenStorgardsdrift
Ein av futene, Kammerråd Andreas Juel fekk i 1758 kjøpa futegården Kloster. Mestedelen av klostergodset vart solgt i siste halvdelen av 1700-tallet. Frå 1758 og fram til 1956 vart gården Kloster dreven som Storgård/Herregård av Juel- familien. Rundt 1840 vart restane av det indre klosteranlegget og kyrkje -ruinen reven av Løytnant Andreas Juel og nytt våningshus vart bygd av steinen. Somme i Juel-familien utmerka seg i politikk og samfunnengasjement, mellom  anna Nils Juel (f. 1831). Han var ein føregangsmann når det gjaldt mål-saka og engasjerte seg sterkt i politikken. Dette førde til at han vart ein av våre fyrste stortingsmenn. Eit av dei fyrste folkehøgskule- tiltaka i Norge kom ut av eit samarbeid mellom stortingsmannen Nils Juel og den unge studenten Wollert Konow. Dette er no Sunnhordland Folkehøgskule.
 
Foto: Helen PetersenMusèet overtar
I 1956 kjøpte Sunnhordland Folkemuseum klostertunet, som omfattar kloster-ruinane, våningshuset frå 1841, hageanlegg, naust og bryggje. På 1960-talet vart det gjort utgravingar på kyrkjetomten, leia av Hans Emil Lidèn.
 
 
Noko av det som vart funnen var flotte søylekapitèl, glaserte teglsteinsflisar frå kyrkjegolvet og utskorne klebersteinsranker, sannsynlegvis til bogeopningane. Gjenstandane fins i dag i magasinet til Bryggen museum.  
  
I seinare år har ein sett i stand Hovedhuset, både soverommene oppe i loftsetasjen, kjøken, stover og toalett.
 
 
Foto: Helen PetersenHalsnøy Kloster i dag
Klosteret blir i dag drive av Sunnhordland Museum som museum og kulturarena. Gjennom heile året fin du små og store tilskipingar som utstillingar, konsertar og festivalen ”Klosterdagane”.
 
 
 
Foto: Helen PetersenUndervisningsleiar Johanne Øvstebø Tvedten står for ei rekkje undervisningsopplegg. Her med Bjørn Arve Lunde under Klosterdagane.
  
Museet har ein tilsett i 70 prosent stilling, Helen Petersen, som syter for å organisera dei ulike aktivitetane, mens musèet sin øvrige tilsette tek seg av den musèale delen.
 
 
 
 
 
Framtidsvisjonar – Halsnøy Kloster mellom to permar?
Historia til klosteret er per i dag ikkje samla mellom to permar. Det har derfor lengje vore eit ønskje for museet, Venelaget for Klosteret, og det historiske og arkeologiske fagmiljøet ved Universitetet i Bergen, om å gje ut ei praktbok om som rører ved dei fleste sider av staden si historie. Frå dei tidlegaste arkeologiske utgravingane i området omkring, til storgarden som ein gong må ha ligge i Klostervågen, oppbygginga av klosteret, klosterlivet og hundreåra etter at klosterdrifta var over.  Ei slik bok vil kunne gje oss mykje ny kunnskap klosteret og heile regionen dette ligg i. 
 
Vandring i Kulturlandskapet
Det er òg eit ynskje å laga ei kulturløype som tek besøkjande gjennom det rike kulturlandskapet i kring klosteret. Kulturløypa på Halsnøy kloster vil gå innom  klosterbryggja, med ein offerstein frå bronsealderen, tuftene etter eit stort naust frå folkevandringstida, fleire gravrøyser og ein spesiell lund av hassel der ein i mange hundreår har plukka nøtter og seld til Bergen. Vidare går turen opp til kulturlandskapet kring ”Breidablikk”, forbi fleire eldre husmannsplassar, før ein kjem innom Klostervågen med eit naust frå1600-talet og Sunnhordland folkehøgskule. Til slutt ender løypa på ”Kjærleiksstien” som går frå folkehøgskulen, via frukthagen og ned til klostertunet igjen. Målet med ei kulturløypa i dette området er å kombinera aktivitet og formidling av soga knytt til staden både før og etter etableringa av klosteret. Kulturløypa kan og sjåast på som ei vidareutvikling av eit viktig reisemål i Hordaland fylke, tufta på natur- og kulturgrunnlaget vårt.
     Tankane om å få ta opp at den gamle pilegrimsruta frå Halsnøy til Røldal er ei anna slag historisk vandring som er vorte svært populær i våre dagar. I kjølevatn av den enorme interessa som i dag vert synt for pilegrimsruta til Santiago de Compostela i Spania er det også naturleg å spørja seg kvar dei lokale rutene ein gong gjekk.
 
Venelaget for Halsnøy Kloster
Venelaget for Halsnøy Kloster vart stifta i 1986. En gruppe eldsjeler kom saman, med det mål for auge- å lyfte dette unike kulturminnet opp i dagen. Dugnader vart satt i gong for å rydde tun og hus, slik at det kunne verta ein ”brukande” stad for mangt og mykje.
I kjølvannet dukka festivalen ”Klosterdagen” opp som eit kulturtilbod både for folk lokalt og regionalt. Venelaget for Halsnøy Kloster har i dag om lag 100 støttemedlemmer og eit aktivt arbeidstyre, som syter for praktisk organisering og hjelp til ei rekkje av dei kulturelle tilskipingane ved Halsnøy Kloster.
 
 

 

 

 

« Tilbake

OKTAN alfa