Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Sunnhordlandstunet

Adresse: Museumsbakken, Leirvik, Stord.

Her finn du museet sin administrasjon, med bibliotek og magasin. Her står og museet sitt eldste hus, Ådlandstova, som er rekna å vera frå omlag 1400.

I tillegg har vi ei røykstove frå 1500-talet og ei glas- og lemstove frå 1650. Smie, stabbur, eldhus og løe er også flytta til tunet frå andre stader i Sunnhordland. For nokre år sidan vart huset til ein strandsitjar i Leirvik sett opp og restaurert, med eit interiør frå ca. 1900. Frå Mehammar på Stord har vi ei krambu  med fullt vareutval frå ca. 1945, og krambua fungerte også som telegraf- og postsentral. Skulestova på tunet var ei av dei fyrste i Sunnhordland, bygd i 1860.

Ådlandsstovo
Ådlandsstova
Skulehuset.
Skulehuset













 

« Tilbake

OKTAN alfa