|
Stord Maritime Museum
Trygve og Gunnar Oma, som begge arbeidde ved Oma båtbyggeri, tok initiativet til ei motorsamling som no står utstilt i Hamnebygget på Leirvik Brygge på Stord. I tillegg syner ei utstilling utviklinga av Leirvik hamn og industrien i området.
Kvar tysdag møtest ein dugnadsgjeng med motor- og båtentusiastar for å arbeide med dei gamle motorane og gjere dei utstillingsklare, og for å innreie det store lokalet til ein allsidig bruk. Saman med dei arbeider også driftsansvarleg ved Sunnhordland Museum, Magne Gravdal, og dei to assistentane på museet. No står kjøkken og toalett og møterom klare til bruk, også til utlleige!
 |
| Wickmann-motoren blir studert |
 |
| Ein gamal stasjonær men flyttbar motor som vart brukt både på gardar og på sagbruk, til vinsja og mykje anna. |
Spanande planar for
Stord Maritime Museum
I dei store lokala vi har tilgjengelege på Leirvik Brygge, ser vi mogelegheiter for å installere aktivitetsstasjonar som vil engasjere born og unge i teknikk og mekanikk som var i bruk i vårt distrikt for 80-100 år sidan. Ved å la dei unge få eksperimentere sjølve, og prøve utstyr og motorar, får dei både kunnskap om lokalhistorie og fysikkfaget samstundes.
Vi samarbeider med Bergen Vitensenter og med Høgskolen Stord Haugesund. Vår eigen dugnadsgjeng av interesserte og kyndige pensjonistar er også involverte, og saman skal vi få til eit opplevingssenter som er unikt, fordi vi tek ibruk museet sine gjenstandar i utprøvinga av teknologi og realfag. På sikt skal studentar frå HSH, på studiet "Teknologi og Design", gjennomføre sin praksisperiode på Stord Maritime Museum ved at born og unge kjem dit for å lære og eksperimentere.
 |
| Modellen sett ovanifrå |
Sjå heimesida til Stord Maritime Museum
 |
| Magne Gravdal i aksjon på Stord Maritime Museum |
OPNINGSTIDER:
Sommarsesongen varer frå 23. juni til 6. august.
Tysdag til laurdag: kl. 11.00 - 14.00
Vaksne: 30,-
Born under 15 år: Gratis
« Tilbake |