Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Årbok/Arkiv

Sunnhordland årbok er den eldste lokalhistoriske årboka i Sunnhordland. I 2009 sendte museet ut den 90. utgåva av boka.

Sunnhordland Museum har også eit svært omfattande og bra organisert klypparkiv med klypp frå lokale og regionale aviser.

Sunnhordland årbok:

Årboka har vakse seg større opp gjennom åra. Det som starta som eit lite hefte med ein tre-fire artiklar i året, er i dag ei bok kring 200 sider. I alle dei 90 åra Sunnhordland Årbok har kome ut har den vore ei særs viktig arena for formidling av regionen si lokalhistorie, med artiklar skrivne av både faghistorikarar og såkalla glade amatørar. 

Vil du teikna abonnement på årboka, kan du tenkja deg å skriva i boka eller har du noko anna på hjartet, ta kontakt med Sunnhordland Museum på tlf 53 41 38 99 eller epost  felles@sunnhordland.museum.no

Her finn du link til Sunnhordland Årbok si eiga heimeside, med tilvisingar til artiklar frå alle dei eldre årgangane.  

Link til heimesida: http://sites.google.com/site/sunnhordlandbok/

 

Klypparkivet:

Sunnhordland Museum sin konservator har gjennom ein periode på snart 30 år samla og organisert klypp frå regionale og lokale aviser. Desse er særs godt organisert og regiserert slik at publikum, lokalhistorieinteresserte og forskarar kan ha nytte av dei.

Ta kontakt med museet på tlf 53413899 eller på epost tlm@sunnhordland.museum.no om det er noko du lurer på.

Regiseter over tema ligg i menyen til venstre.

« Tilbake

OKTAN alfa