Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Undervisning

Ei levande fortid gir meining til framtida.
Korleis gjere fortida meiningsfull for born og unge?

Målet vårt er å gi små og store ei oppleving som engasjerer på fleire felt. Difor tek me i bruk rolleleik og dramatisering, forteljarkunst og teater, stasjonsarbeid og song og musikk i vår formidling av fortida.

Gut med rive
Drengen har eit godt auga til jenta på garden....

Dramatisering av segn og myter; eventyr knytt til tema; aktivitet og utprøving, er stikkord for dei minste.

Ulike forteljarvinklar; utforsking gjennom rollespel og dramaoppgåver, er sentrale arbeidsmåtar for dei på mellomtrinnet.

For dei eldre elevane kan små skodespel; møte med rollefigur; forteljarteater, m.m., vera med og levandegjera fortid.

Opplegg vert utarbeidd etter læreplanen og dei hovudemna me finn under kvart skulefag, gjerne sett saman på ein tverrfagleg måte. Skular kan òg tinga spesielle opplegg i høve temadagar og prosjekt.

 

"EG BYGGJER MEG EIN BÅT"

Nytt undervisningsopplegg på turné i Sunnhordland!

BA og båten
Bjørn Arve ilag med elevar i eit liknande opplegg i 2004

Med midlar frå Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) og private sponsorar, har Sunnhordland Museum utarbeidd ein opplevingsdag om båtbygging for 6. eller 7. klasse i Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Etne, Stord og Sveio. I mai og juni reiser vi rundt til sjøboder og naust og andre høvelege bygg langs fjordane, med forteljingar og song og lærerike aktivitetar for elevane. Dei skal få prøve handverk som spikking og pussing, klinking og naving. Ikkje minst skal dei få setta saman eit byggesett av ein færing i halv målestokk, 2,60 m, laga av båtbyggjar Egil Meland på Tysnes! Bjørn Arve Lunde vert med og fortel om den tradisjonsrike byggjekunsten.

I månaden før jul, vert alle 2.klassingar i kommunane nær Stord, inviterte til Sunnhordlandstunet for å ta del i opplegget "Jul i gamle dagar". Dei andre kommunane får opplegget tilsendt, og kan gjennomføra opplegget i sine tun eller stover i nærområdet.

Det vert jamnleg arrangert kurs i historieformidling og museumsformidling for lærarar, gjerne i samarbeid med Sunnhordland sitt kontor for kursverksemd i Sveio.

Johanne Øvstebø Tvedten er vår undervisningsleiar, og er utdanna lærar, med hovudfag i drama- og teaterpedagogikk. I tillegg er både direktør Tore Lande Moe, bygningsvernskonsulent Bjørn Arve Lunde og dagleg leiar på Halsnøy Kloster, Helen Petersen, engasjerte i formidlingsarbeid.

« Tilbake

OKTAN alfa