Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Dokumentasjon av Valen sjukehus

Sunnhordland Museum får 300.000 kroner av ABM-utvikling til prosjektet "Dokumentasjon av eit galehus".  

ABM-utvikling stør museumsprosjekta "Galskapens fengsel" og "Dokumentasjon av et galehus" med til saman 750.000 kroner.

- Desse prosjekta skal få fram dei insatte og pasientane sine forteljingar. Dette er stemmar me sjeldan høyrer, historiar som sjeldan blir formidla i museene, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg.

"Galskapens fengsel" skal gje kunnskap om og innblikk i dei kriminelle sinnsyke på Krimasylet i Trondheim, medan "Dokumetasjon av eit galehus" fokuserer på Valen asyl, nå Valen sjukheus, i Hordaland. 

Sunnhordland Museum vil samarbeida tett med Hordaland fylkeskommune og Valen sjukehus, Helse Fonna, om prosjektet. 

- Me vil prioritera gode prosjekter der marginaliserte historier blir trekte fram og sett inn i ein kulturell og sosial samanheng, heiter det i ei pressemelding frå ABM-utvikling.  

« Tilbake

OKTAN alfa