|
Nominert til Gullsekken

Hordaland fylkeskommune har valt "Eg byggjer meg ein båt" som kandidat til beste skulesekkproduksjon i 2010.
Gullsekken er Den kulturelle skulesekken sin eigen pris. Her tevlar kvart år produksjonar frå alle landet sine fylke i to ulike klassar: pris til beste produskjon og pris til beste skule.
Sunnhordland Museum er stolte over å skulle representera Hordaland fylke i år i kategosrien "Beste produksjon".
"Eg byggjer meg ein båt" er eit undervisningsopplegg der skuleelevar i heile Sunnhordland har fått opplæring i regionen sin tradisjonsrike båtbyggjarkunst gjennom song, drama og praktisk arbeid. Sentralt i prosjektet står eit byggjesett av ein færing i halv målestokk, som båtbyggjaren Egil Meland frå Tysnes har bygd. Dette får elevane setta saman, samstundes som dei lærar seg ord og utrykk frå båtbyggjarkunsten. Under opplegget får elevane også prøva seg på å smi, navra og klinka ved ulike arbeidsstasjonar.
Gulsekken skal delast ut under Nasjonal nettverksamling for Den kulturelle skulesekken i Molde i april 2010. Prisen er på 100.000 kroner og skal gå til å vidareutvikla produktet.
« Tilbake |