|
Årboka på nett

Sunnhordland årbok er det eldste lokalhistoriske verket i Sunnhordland. No har årboka fått si eiga heimeside.
Sunnhordland årbok har vakse seg større opp gjennom åra. Det som starta som eit lite hefte med ein tre-fire artiklar i året, er i dag ei bok kring 200 sider. I alle dei 90 åra Sunnhordland Årbok har kome ut har den vore ei særs viktig arena for formidling av regionen si lokalhistorie, med artiklar skrivne av både faghistorikarar og såkalla glade amatørar.
Her finn du link til Sunnhordland Årbok si eiga heimeside, med tilvisingar til artiklar frå alle dei eldre årgangane.
Link til heimesida: http://sites.google.com/site/sunnhordlandbok/
Vil du teikna abonnement på årboka, kan du tenkja deg å skriva ein artikkel eller har du noko anna på hjartet, ta kontakt med Sunnhordland Museum på tlf 53 41 38 99 eller epost: felles@sunnhordland.museum.no
Me har også eldre utgåver av Sunnhordland årbok til sals.
« Tilbake |