Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Jul på museet

Lei av stress og kav i desember? Helga 12. og 13. desember opner Sunnhordland Museum dørene og byr på god gammaldags julestemning.

Barneteater i gamle løa og St. Lucia-tog i tunet. Juleverkstad og kafe. Sett av andre helga i desember og ta deg ein tur på museet.

I Sunnhordlanstunet på Stord står dørene på vid gap denne helga og innanfor finn du aktivitetar som juleverkstad med Stord husflidslag og elevar frå Høgskulen Stord Haugesund og Fitjar Vidaregåande skule. Museet byd også på julepynta stover, og eventyrstund og mini-konsertar, kafe med heimebakst frå kokkelina på Fitjar og aktivitetar kring om i museumstunet som baking av tradisjonell julebakst og tombola.  

Tilskipinga passar for alle dei som er lei av å stressa rundt i butikkar i jula og ønskjer ein stad der dei kan lukta, laga og smaka på dei gamle juletradisjonane.

Opningstider: Laurdag 12. desember frå kl. 11.00 - 15.00 og søndag 13. desember frå kl. 11.00 - 15.00.

Program:

Kl. 11.30: Barneteater: "Det er du som er jula" av Erna Osland med teatergjengen i Samhald.

Kl. 12.30: Barneteater: "Det er du som er jula" av Erna Osland med teatergjengen i Samhald.

Kl. 13.00: St.Lucia konsert m. Stordøya kvedarlag i Museumshallen.

Kl. 14.00: Eventyrstund i Ådlandsstova m. Astrid Elin Lønning, Nina Meldal-Olsen, Bjørn Arve Lunde og Tiril Einarsdotter.

Pris: Barn 30,- , vaksne 50,- og familie 150,- kroner.

« Tilbake

OKTAN alfa