Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Håret på utstilling

Vandreutstillinga "Sjekk det håret" kjem til Sunnhordland Museum i oktober/november.  

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom ei rekkje museum, arkiv og bibliotek i Hordaland.

Ved å setja fokus på håret si tydning - og på kva menneske gjer med håret på ulike stader til ulike tider - set ein fokus på håret si politiske, sosiale, religiøse og symbolske rolle. Dette er ei annleis vandreutstilling som legg opp til mykje elevmedverking på skulane. Tilbodet er elev- og lærarstyrt, og laga for åttande til tiande klassetrinnet, men både yngre og eldre elevar kan også ha mykje å læra av å sjå utstillinga.

Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten ved Sunnhordland Museum har hatt ein sentral rolle i produksjonen av utstillinga. Ho fekke god hjelp frå byggningsvernskonsulent Bjørn Arve Lunde, som også er tilsett ved museet.

"Sjekk det håret" blir på Sunnhordland Museum frå 12. oktober til 27. november.

« Tilbake

OKTAN alfa