Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Falturiltu

Første veka i november er det nynorsk barnelitteraturfestival på Stord. På Sunnhordland Museum skjer det ting mest kvar dag under festivalen.

For dei minste blir det møte med barnebokforfattarar i Ådlandsstova tysdag og onsdag, og i Heishuset i Gruvene på Litlabø på tordag. Alle dager byrjar opplesinga kl. 18.00.   

Måndag opnar Falturiltufestivalen med utdeling av festivalprisen og møte med festivalforfattar Erna Osland måndag klokka 20.00 i foajeen til Stord Maritime Museum.

Onsdag på dagtid er det Vikingdag på museet for ungdomsskule klassar, der dei møter litteratur om Vikingetida, lærar å teikne teikneseriar og får innblikk i denne tidsperioden på anna vis i regi av museet sine formidlarar.

Torsdag blir det forfattarmøte med Helga Gunerius Eriksen på Stord Maritime Museum kl. 11.35.

 

« Tilbake

OKTAN alfa