Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Frå heimastrikk til sybutikk

Lær å hekla gryteklutar, fletta korger eller å sy ein kopi av oldemor sin gamle bestekjole. Sunnhordland Museum inviterer til open dag laurdag 5. september.

"Kvinner og klær" er tema når museet, i samarbeid med Stord husflidslag, opnar dørene for folk i Sunnhordland. Her kan du sjå festdrakta frå Fitjar som er laga etter mønster frå gamle klede i Aarskog museum, og ei vakker 80 år gamal drakt frå Nistovetunet i Omvikedal. Den er sydd av Martha J. Hjelmeland og om du vil, kan du kjøpa med deg mønsteret heim og freista å sy maken.

Monica Sanhez, kvinna bak barnekleda som ber namnet Dundelina, kjem for å fortelja litt om kva ho synes er viktig når ho skaper barneklede anno 2009.

Sunnhordand Museum har ennå den flotte strikkeutstillinga ståande, med klede for både kvardag og fest. Den er sett saman av strikkeklede frå samlingane til Hordamuseet, Hardanger Museum og Sunnhordland Museum.

Konservator Tore Lande Moe har funne fram snodige ting frå museet sine samlingar, som folk kan gjetta på kva er, og Lise Nordfonn Angeltveit og Drude Isene viser kunsten å fletta med pil. I Futastova blir det baka lefser og kinna smør, og i museumshallen kan du setja deg nedpå og få deg ein matbit.

Det populære barkebåtbassenget er også på plass, saman med den tradisjonelle rognebærspyttekonkurransen "Pust i pøsen". Bjørn Arve Lune står for spikkig av barkebåtar, medan Johanne Øvstebø Tvedten og Astrid Elin Lønning fortel eventyr om jenter som redda seg sjølv og andre fordi dei kunne sy, i Ådlandsstova.

Open dag på Sunnhordland Museum opnar kl. 11.00 og varer til kl. 15.00. Gratis entre.

« Tilbake

OKTAN alfa