 |
"FOLKESTRIKK"

Vi opnar sommarsesongen på Sunnhordland Museum laurdag 20. juni kl 12.00-14.00 med ei artig kulturhistorisk utstilling av vanlege folk sine strikkaplagg frå 1800 og fram til vår tid.
Leitar du etter gamle mønster for nye strikkeplagg? Kom og bli inspirert av det folk strikka til kvardagsbruk for hundre eller tohundre år sidan! Her vil du finne både undertøy, ytterklede og fritidsklede, lappa og bøtt til det ugjenkjennelege.... Marta Londal, tidlegare tekstilansvarleg ved museet, vil opne utstillinga, og Stord Husflidlag tek med seg spanande strikk for deg som vil lære nye teknikkar. Dei kallar det "strikkekafé", og vi syt for sal av kaffi, is og kaker, og opa Krambu. Damekoret Corona syng for oss, og dei som vil, får omvising i tuna kl. 13.00. Borna kan óg få prøve seg på strikk, eller vere med ut på tunet der gamaldagse leikar står klare til bruk.
Inngongsbillett: 50,- for vaksne. Born gratis.
« Tilbake |
 |