Sunnhordland Folkemuseum og sogelag

Klosterdagane 13. og 14 juni 2009

FOTO: BODIL HAGA

Klosterdagane er ei eiga stifting som ynskjer å skape liv og røre rundt mellomalderklosteret frå 1100-talet på Halsnøy. Også i år kan ein skilte med eit spennande program både musikalsk og kunstnerisk.

 

 

Den 13. og 14. juni blir det igjen Klosterdagar på halsnøy Kloster.
 
Det er i år femte gongen denne særmerkte festivalen blir arrangert, godt forankra i miljøet og omgivnadene på Halsnøy Kloster. Sjølv om den kan seiast å vere "Sunnhordland muséum sin eigen festival", har den vakse fram på eigne premissar, og har si eiga leiing og sitt eige styre.
 
Foto: Sunnhordland MuseumI år viser vi spelet "Kroppen skal læge seg selv" som er produsert ved muséet. Denne framsyninga om naturlegen Ole Olvik er skrevet av Johanne Øvstebø Tvedten og framføres Bjørn Arve Lunde og Astrid Elin Lønning. Publikum får høve til å prøve ut varme og kalde bad, smake Olvik te og brød og ta morgongymnastikk. Sundag blir det og Kulturstivandring for heile familien, der ein i høve Kulturminneåret presenterar særmerkte minne i området rundt Klosteret. Dette er ei viktig hending med kunstnarlege innslag, m.a. med Agnes Tyldum, dans, og Maria Malmsten, song. Maria er konstituert dagleg leiar ved Halsnøy Kloster, og ho er i tillegg "husfrue" og vertinne under festivalen. Ho er og leiar for vokalensemblet mMokkat, som skal synge laurdagskvelden. Då vil og ein annan kjenning, songaren Bjørn Gisle Seter, saman med Akiko Anasawa på piano, sørgje for vokalt mangfald.
 
"Klosterdagane" har ei tydeleg lokal forankring. Begge utstillarane, Helen Petersen (foto) og John Paul Cunningham (installasjon), er busette på Halsnøy. Fleire sentrale aktørar vitjar og Kosterdagane: Benedicte Maurseth kved og spelar hardingfele, komponisten Magnar Åm held seminar med lokale songarar som framfører verket "her, i oppstoda (skapande)". Duoen Twitter Machine står nok eingong for festivalens årvisse urframføring, med verket "Crossing patterns" av Ørjan Matre.
Felix Mendelssohn sitt 200 års jubiléum blir markert med Telemark Kammerorkester og Klosterkvartetten, under leiing av festivalens pådrivar og kunstnarlege leiar Lars-Erik ter Jung.
 
Vi viser og til Klosterdagane si eiga heimeside www.klosterdagane.net
 
PROGRAM
 
Laurdag 13.6.

kl. 17.00 I Storkjøkkenet / ute
Åpning av Klosterdagane 2009
Musikalsk innslag ved Benedicte Maurseth, song og hardingfele

Introduksjon av utstilling og installasjon.

"Mellom linjene", fotoutstilling av Helen Petersen
i Kjellaren
 
"Video Performance Installation #3" av John Paul Cunningham
Loftet

kl. 17.45 i Grøne stova
Møt komponistene
Møte med Ørjan Matre og Magnar Åm
 
kl. 18.00 i Grøne stova
"3 Musikalske tablå"


 
Ørjan Matre: nytt verk for fiolin og gitar
URFRAMFØRING
duoen Twitter Machine

Magnar Åm: "her, i oppstoda (skapande)"
(første gang)
4 sangere fra mMokkat vokalensemble
Magnar Åm, kreativ kurator
Resultat av seminar på Halsnøy Kloster med komponisten.
 

Felix Mendelssohn (1809-1847): Strykekvartett no 2, op. 13 i a-moll (1827)
Klosterkvartetten
ter Jung/Lunde/Rensvik/G
ötestam
 
kl. 20.00 Ute og inne på Klosteret
Vokal vandring å Kosteret med songarar og musikarar, servering- sosialt p
Benedicte Maurseth, song og hardingfele
Bj
ørn Gisle Seter, song, Akiko Anasawa piano
mMokkat, vokalensemble
 
Servering startar kl. 19.15, ope hus til kl. 23.30


 
søndag 14.6.
 
kl.13.00 Klosterkafeen opnar 
 
kl. 13.30 Oppmøte på "kyrkjebakken" på HK
Kultursti (Ca 1time og 15min. Passar for heile familien. Ein kan og velje ei kortare rute. Hugs godt fottøy.
Presentasjon av kulturstiprosjektet ved Halsnøy Kloster, med vandring gjennom Kulturstien i området ved HK. Foredrag og idédugnad på Klosteret i samband med Kulturminneåret.
Medvirkende bl.a.:
Høylandsbygd Skulekorps med dirigent Svein Roger Koppang
Maria Malmsten, song
Agnes Tyldum, dans
Toril Romsø og Øyvind Særstein: kultursti guide
Thomas Kjekstad, gitar
Foredrag med Elizabeth Warren i grøna stova etter turen. ca 30minutt
 
kl. 16.00 Uteområdet
KROPPEN SKAL LÆGE SIG SELV
ei førestilling om naturlegen Ole Olvik av Johanne Øvstebø Tvedten
med Bjørn Arve Lunde og Astrid Elin Lønning
 
kl. 20.00 i Konsertsalen på Sunnhordland Folkehøgskule
Avslutningskonsert
Telemark Kammerorkester
ledet av Lars-Erik ter Jung
Benedicte Maurseth, song og hardingfele

Mendelssohn: Strykesymfoni
 
Avdeling med Benedicte Maurseth, song og hardingfele

Tsjaikovskij: Serenade for strykarar
 
Som vanleg er Klosterkaféen ope mellom alle arrangemet og så mykje som
 
mogeleg under festivalen.
 
 

« Tilbake

OKTAN alfa